Kjeldebergart – olje og gass

Ei kjeldebergart er opphavet til olje og gass som vi finn i reservoara.
Kjeldebergartene er danna av algar og plankton som levde i havet for mange millionar år sidan, for det meste i juraperioden. Den gongen var havet varmt og fullt av slike levande organismar.
Då desse døydde, fall dei til havbotnen, der det var lite oksygen. Dei daude organismane rotna ikkje, men blei dekte av sand og leire og sokk djupare og djupare ned i havbotnen. I djupet blei massen varma oppa og utsette for trykk slik at han blei omforma til ein kjeldebergart for olje og gass. Frå kjelda steig olje og gass opp til det blei fanga i ei felle eller slapp ut i havet.
På norsk sokkel er dei mest kjende kjeldebergartane Brent, Draupne og Sleipner. I Barentshavet heiter kjeldebergartane Steinkobbe og Hekkingen.