Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Butterflyventil

Ein butterflyventil er ein dreiespjeldventil. Han har ei plate som kan dreiast 90 gradar innvendig i eit røyr. Plata tettar mot ei tettingsflate innvendig i ventilhuset.

Ventilen skal stå fullt open eller heilt stengd, slik at han ikkje blir skadd av det som strøymer forbi.

Den manuelle spjeldventilen har ein spak som blir handtert frå utsida. Posisjonen på spaken er den same som på plata innvendig. På denne måten er det synleg om ventilen er stengd eller open.

Ventilen kan òg koplast til eit hydraulisk eller pneumatisk styringssystem slik at han kan fjernopererast.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.09.2020