Forklaringsartikkel
Trykkavlasting i reservoaret

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Produksjon ved hjelp av trykkavlasting vil seie at trykket i reservoaret er drivkrafta til produksjonen. Trykket i reservoaret skyver olje og gass opp og ut av brønnen. Etter kvart som reservoaret blir tømt, vil trykket søkke, og til slutt er det ikkje nok trykk til å løfte olja ut av brønnen.
For å få ut mest mogleg olje frå reservoaret vil produksjonen etter ei stund trenge trykkstøtte, til dømes frå injeksjonsbrønnar i feltet eller med pumper i brønnen.
Ein annan måte å tilføre produksjonsstøtte på er å bruke gassløftventilar inne i kompletteringa i brønnen.