Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

ID – indre diameter

ID er ei forkorting for engelsk "internal diameter". På norsk seier vi indre diameter. Det er målet på tvers av innsida i ein sirkel eller eit røyr. Vi må måle gjennom midtpunktet i røyret for å finne den største indre diameteren.

Til å måle indre diameter bruker vi kaliper og skyvelære eller måleband. Ved kritisk toleranse på ID må vi bruke kalibrerte måleinstrument.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 23.01.2025