Forklaringsartikkel
Redundancy – overflødigheit
Ordet redundancy er engelsk og betyr "overflødigheit".
Offshore blir termen redundancy brukt om utstyr som er tilgjengeleg for å erstatte anna utstyr som måtte bli skadd eller slutte å verke. Hensikta er å erstatte tapet utan at drift eller tryggleik blir påverka.
Eksempelvis kan ein offshore installere ei ekstra pumpe, ein ekstra motor eller anna ekstrautstyr. Slikt ekstrautstyr har som oppgåve å vere tilgjengeleg (og klart til bruk) om den komponenten som vanlegvis er i bruk, sviktar.
Ekstrautstyr kan òg omtalast som backup-utstyr. Utstyr som skal installerast i ein brønn, blir alltid levert med eit ekstra sett. Dette settet blir kalla backup og skal erstatte førstevalet dersom det blir skadd eller sviktar.