Casing
Ordet "casing" er engelsk og betyr fôringsrøyr. Røyret skal bidra til å støtte og tette sidene i holet som blir bora i bakken.
Først borar ein eit hol (brønn), og deretter blir det installert casing i brønnen. Når casinga er installert i brønnen, blir ho sementert på utsida, mellom holet og røyret. Dette bidrar til at brønnen blir stabil og sikker for vidare boring.
Ei casing er eit røyr som er ca. 10–12 meter langt. For at holet skal fyllast frå botn til topp med røyr, må desse bli skrudde saman til ei lengd som passar til brønnen. Det kan vere fleire tusen meter med samanskrudd casing.
For å få ein brønn frå det området der plattformen skal stå og heilt fram til reservoaret, må ein bore fleire hol etter kvarandre. Det blir bora eit nytt hol (seksjon) vidare under det som er sikra, og når det holet er komme til målet, kan ny casing setjast i brønnen. For kvar ny seksjon som blir bora ut, blir ei mindre casing installert innvendig i den førre og festa i toppen av brønnen.