Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Formasjonsstyrke

Formasjonsstyrken er eit mål for dei kreftene bergarten toler utan å sprekke, falde seg eller kollapse.

Bergartane i djupet må bere vekta av fleire tusen meter med fjell over og må motstå skyve- og dragkrefter frå kontinentalplaterørsler. Nokre bergartar toler meir enn andre, og då har dei høgare formasjonsstyrke.

Djupareliggjande formasjonar er sterkare enn grunne bergartar på grunn av herdeprosessen, som pågår over millionar av år.

Formasjonsstyrken kan testast på kjerneprøvar av bergarten i eit laboratorium og gjennom ein trykktest i brønnen.

Når vi tappar olje og gass ut av porene i bergarten, påverkar det den indre styrken og svekkjer bergarten.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 04.09.2020