Forklaringsartikkel
Trippe borestrengen
Bilete: DrillingFormulas.com / CC BY-NC-SA 4.0
"Trippe" kjem frå det engelske uttrykket "to trip" – "å reise". Å trippe borestrengen betyr at ein trekkjer heile borestrengen ut eller køyrer han inn i brønnen.
Ein "roundtrip" betyr at vi både trekkjer strengen ut og køyrer han inn att med berre eit kortare opphald imellom.
Når vi trekkjer ut eller køyrer inn borestrengen, følgjer vi med på væskevolumet på triptanken som er kopla til brønnen. Væskevolumet skal endre seg i takt med volumet på stålet vi køyrer inn eller trekkjer ut. Dersom det ikkje stemmer overeins, kan det tyde på at vi har mista brønnkontrollen. Då må vi stoppe trippinga og sikre brønnen.
Vi gjenopprettar brønnkontrollen ved å tilføre væske med riktig densitet i brønnen.