Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Gravel pack – gruspakking

Produksjon av sandpartiklar saman med olje til overflata kan skade røyra og føre til lekkasje. For å hindre sandproduksjon bruker ein sandfilter og gruspakking i brønnen.

Gruspakking er ein operasjon der ei væske som er blanda med spesialsand, blir pumpa ned i brønnen. Sanden legg seg på utsida av sandfiltera, der ho blir pakka hardt og tett saman slik at ho ikkje flyttar seg når oljeproduksjonen blir starta.

Korna i denne sanden er litt større enn lysopninga i sandfiltera, slik at sanden ikkje følgjer med olja opp til overflata.

Formålet med gruspakking er å hindre sandpartiklar frå sandsteinen i å vandre inn mot sandfilteret. Slik vandring kan skade filtera og øydeleggje for sandkontrolltiltaket i brønnen.

Den engelskspråklege filmen CS-AP Gravel Pack System (lengde 5:18) på YouTube illustrerer gruspakking.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 28.04.2021