Hiv

Hiv er omsett frå det engelske "heave". Hiv er den vertikale rørsla i eit skip når det bevegar seg opp og ned i bølgjer. Høgda på rørsla blir målt i avstanden mellom bølgjetopp og bølgjedal. Hiv er ikkje eit problem for eit skip som flyt fritt.
Når eit boreskip er kopla til stigerøyr på brønnen og har ein borestreng som går ned i brønnen, kan hiv-rørslene skade dette utstyret og skipet. For å hindre skadar er skipa utstyrte med to hiv-kompenserende utstyrspakker.
Kompenseringa er festa mellom skipet og borestrengen, og mellom skipet og stigerøyret. Dei har ein funksjon som kan forlengje og forkorte festet slik at borestrengen og stigerøyret står i ro sjølv om skipet bevegar seg opp og ned.
Når bølgjehøgda blir for stor, må skipet kople seg frå brønnen og vente på betre forhold.