Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Flapper valve

Ordet "flapper valve" er engelsk og blir omsett til klaffventil. Ventilen består av ei rund plate, ein klaff, som er festa med eit hengsel til eit ventilhus. Klaffen blir lukka mot ventilsetet i ventilhuset ved hjelp av ei stålfjør. Klaffventilen held tett når det står trykk bak klaffen.

Ein enkel klaffventil blir opna ved strøyming eller trykk frå setesida mot stålfjøra. Denne typen blir ofte brukt i "float sub" i borestrengen og i BHA til kveilerøyr (coiled tubing).

I kompletteringutstyr som blir installert i brønnen, blir klaffventil brukt i sikringsventilen (DHSV) og i nedre komplettering.

Klaffen i sikringsventilen i brønnen må opnast og haldast open ved hjelp av eit styringstrykk i ei kontrollinje. Trykket i kontrollinja skyver ei innvendig hylse gjennom ventilsetet slik at klaffen blir skyvd open.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 28.12.2020