Fiskenakke

Utstyr som skal installerast i ein brønn, skal òg kunne trekkjast ut. Då må utstyret ha ei utforming i toppen som det er mogleg å få tak i med eit henteverktøy. Denne utforminga blir kalla fiskenakke. Fiskenakken skal vere utforma slik at det er mogleg å ta tak i komponenten med eit fiskeverktøy og trekkje komponenten ut av brønnen. . Fiskenakken er ein utvendig eller innvendig profil i toppen av utstyret.
Det same gjeld for store og små verktøy som blir brukte i brønnen. Dersom vi mistar verktøyet i brønnen eller det blir køyrt fast, skal vi kunne hente det ut ved hjelp av eit fiskeverktøy.
Utforminga av fiskenakken og fiskeverktøyet må passe i hop for at det skal fungere. Det betyr at det er viktig å dokumentere fiskenakken på alt som skal køyrast inn i brønnen.