NAS (nødavstenging)

NAS er ei forkorting for nødavstenging. Det er eit sikringssystem som blir brukt på alle kompletterte brønnar. Brønnane og prosessanlegget har fjernstyrte NAS-ventilar. NAS-systemet er programmert slik at ventilane blir stengde i riktig rekkjefølgje når NAS blir aktivert.
Nødavstenging av brønnane blir berre brukt når det er nødvendig, det vil seie i ein krisesituasjon. NAS kan aktiverast manuelt ved å trykkje inn NAS-knappen som er plassert utanfor kritiske område, eller i kontrollrommet. Då blir straumen av olje og gass frå brønnane stoppa.
NAS er òg kopla til brann- og gassalarmsystemet om bord. Ved ein alarm startar nedstenginga av brønnane automatisk. I tillegg har NAS-systemet ei "fail safe close"-sikring, som startar nedstenging av brønnane dersom det oppstår feil på NAS.