Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Thruster

Thrusterar er propellar som er felte inn i skroget på skip og flytande riggar. Dei er plasserte i sidene framme og bak på fartøyet og blir derfor ofte kalla sidepropell.

Propellane blir brukte til å styre eininga mot vindretning og straumdrag i havet, mellom anna for å få riktig plassering over ein brønn.

Ferjer, lasteskip og cruiseskip bruker thrusterar for å leggje inn til kai og for å skyve seg sideveges ut frå kaia.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 22.10.2024