Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Sealbore diverter

Sealbore diverter

Sealbore diverter er eit engelsk uttrykk som beskriv to ting:

  1. Sealbore betyr "innvendig glattpolert overflate" i eit røyr. Det fungerer som tetningsflate mot tetningsringar som ligg utanpå eit røyr som blir stukke inn i sealboren.

  2. Diverter betyr "vidarekopling" eller "avleiing". I brønnutstyr er dette ein skråkutta kant som skal føre andre utstyr i den retninga vi ønskjer. Den står som ein kile inni brønnen, og når vi senkar anna utstyr ned mot han, sklir det over den skrå kanten og ut til sida.

Ein "sealbore diverter" står montert i krysset mellom to brønnbanar. Han skal fungere som skilje eller møtepunkt mellom dei to brønnbanane som går kvar sin veg etter hovudløpet.

På skissa er han markert med grøn farge, og han er snitta slik at vi ser røyret som står inni han.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 14.02.2025