Forklaringsartikkel
Filtrat
Filtrat er væska som kjem ut etter eit filter.
I ein kaffitraktar går vatnet gjennom kaffipulveret i filteret. Kaffien som kjem ut gjennom filteret, er eit filtrat. Partiklane (kaffigruten) blir liggjande att i filteret.
Når vi borar gjennom ein permeabel bergart, vil noko av borevæska leke inn i bergarten. Filtratet her er væska som greier å trengje inn i porene i formasjonen. Vi vil helst miste så lite væske som mogleg til formasjonen, derfor bruker vi partiklar i borevæska, som legg seg på overflata i hòlet og tettar mot lekkasje.