Forklaringsartikkel
Viskøs – viskositet

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Viskositet beskriv tjukn, eller seighet, i ei væske eller ein gass. Væske med høg seigleik er seig, og væske med låg viskositet er lettflytande.
Viskositeten blir påverka av temperatur. Dersom ei viskøs væske blir kald, blir ho endå seigare.
Vatn har låg viskositet og renn lett ut av mugga når vi heller det i eit glas. Honning har høg viskositet og tek mykje lengre tid å tømme ut enn vatn.
Dei fleste felta på norsk sokkel har råolje med viskositet i underkant av 20 cP ved 13 °C.