Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Filterkake

Borevæska blir sirkulert i brønnen. Frå borevæska dannar det seg ei filterkake av små partiklar som legg seg på hòlveggen. Filterkaka skal hindre at borevæska lek inn i formasjonen. Det er ønskjeleg med filterkake i brønnveggen fordi ho beskyttar formasjonen mot skade, og fordi ho hindrar at den dyre borevæska lek ut.

I laboratoriet blir eigenskapane til borevæska testa. Ein av desse testane er ein filtertapstest.

Då blir borevæska tappa gjennom eit filter. På overflata av filteret legg det seg partiklar frå borevæska, mens væska passerer gjennom filteret. Når partiklane dannar ei tett overflate, stoppar væska å strøyme gjennom filteret. Då seier vi at partiklane på filteret har danna ei filterkake.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.09.2020