Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Wellhead – brønnhovudet

"Wellhead" kjem frå engelsk og er omsett til brønnhovud på norsk.

Brønnhovudet er det øvste punktet i brønnkonstruksjonen. Brønnhovudet er ein kraftig, stor stålring (vanlegvis med ein indre diameter på 18 ¾ tommar). Innvendig i brønnhovudet festar ein fôringsrøyra (casingane) som blir brukte til å byggje brønnen, og oppå brønnhovudet monterer ein ventiltreet til produksjonsbrønnen.

Brønnhovudet er sveisa fast på toppen av ein 20-tommars casing. Når casingen er sett og sementert, kan BOP–ein setjast på toppen av brønnhovudet og danne ein tett barriere i brønnen. Når brønnen skal kompletterast, skiftar ein ut BOP-en med ventiltreet, som er ein barriere for produksjonsbrønnen.

Trykket i ringromma mellom dei inste casingane blir overvakt på brønnhovudet.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 05.12.2024