Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Svivel – swivel sub

Ein svivel er eit ledd som lar to delar rotere uavhengig av kvarandre, slik som festet mellom setet og beina på ein kontorstol.

Offshore er det montert ein svivel på stigerøyret mellom brønnen og riggen. I tårnboremaskinen er svivelen montert slik at borestrengen kan roterast utan at resten følgjer med. Også kranene som står festa i dekket, har svivlar, som gjer at førerhuset kan rotere rundt søyla det står på.

Verktøy som heng i arbeidsstrengen, har ofte svivlar som hjelpeverktøy slik at dei kan rotere fritt. Verktøy i fletta kabel bruker svivlar for at kabelen ikkje skal tvinne seg i brønnen.

På eit flytande produksjonsskip er brønnen kopla opp gjennom ei stor svivelplate, som gjer at skipet kan snu seg etter vinden utan at det påverkar produksjonskablane frå havbotnen og opp til skipet.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 17.11.2020