Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

HEC

For å få ei tyntflytande væske til å bli tjuktflytande må vi tilsetje kjemikaliar som aukar viskositeten i væska. Det finst fleire typar kjemikaliar som kan auke viskositeten.

HEC (hydroksy-etyl-cellulose) er ein vassløyseleg polymer frå cellulose som blir brukt som eit viskositetsaukande middel. HEC blir uttalt "hekk".

HEC blir tilsett i saltløysningar som til dømes kompletteringsvæsker og borevæsker for å auke viskositeten. Det er fleire grunnar til at vi vil ha høgare viskositet i brønnvæskene. I borevæska hjelper viskositeten til med å løfte ut faste partiklar, og i kompletteringsvæska hjelper viskositeten til med å hindre væsketap ut i formasjonen.

HEC blir òg brukt i flytande såper, handkremar og andre tjuktflytande væsker vi har i heimen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 11.12.2024