Forklaringsartikkel
Jar

Ein fastkøyrd borestreng blir fiska ut av brønnen. Han blir frigjord med ein jar som slår oppover. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Når utstyr, som til dømes ei pakning, ein plugg eller ein borestreng går fast i brønnen, må det hentast ut. For å losne utstyret frå brønnen kan vi jare med eit jareverktøy.
Jaren er ein type slagverkstøy som frigjer ei rørsle opp eller ned. Rørsla hjelper til med å losne det som står fast i brønnen.
Jaren kan køyrast inn i brønnen på borestrengen eller på ein kabel. Han blir brukt saman med ein akselerator som lagrar energien som skal frigjerast i slaget.