Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

LCM – lost-circulation material

LCM er forkorta frå det engelske uttrykket lost-circulation material.

Det er ei fellesnemning på partiklar som blir tilsette borevæska. Partiklane skal fylle porer i bergarten vi borar gjennom, slik at ikkje borevæska lekkjer ut frå boreholet. LCM legg seg på overflata av holveggen og hindrar tap av borevæska.

Materialet som blir brukt kan vere nøtteskal, plantefiber, raspa gummi, glimmerflak, kalkstein, marmor, polymerar og andre kjemiske sambindingar.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 27.07.2021