Konsolidert bergart
Å konsolidere betyr å gruppere eller å samle fleire einingar. Ein konsolidert bergart er ein bergart som består av fleire delar som er sette saman.
Sedimentære bergartar består av sediment og limstoff. Limstoffa, som kjem frå mineral, bind sedimenta saman. Vi beskriv bergartane som godt, middels eller dårleg konsoliderte. Det beskriv styrken til bergarten.
Ein godt konsolidert bergart har ei sterk binding av mineral mellom sedimenta i bergarten. Bindingane i bergartar oppstår på grunn av trykket i omgivnadene, samanpressing på grunn av massen som legg seg over i nye lag, og omkrystallisering av mineral. Dette bidrar til sementering (liming) av sedimenta med nydanna mineral.
Dersom bergarten fell frå kvarandre ved lett belastning, er han dårleg konsolidert.