Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Perforere brønn

Å perforere ein brønn vil seie at det blir skote mange små hol i røyret som skil brønnen frå reservoaret. Når produksjonen blir starta, kjem olje og gass inn i brønnen gjennom hola.

Perforering blir utført med mange små eksplosiv som blir monterte innvendig i eit tett stålrøyr som blir senka ned i brønnen. Røyret blir kalla ein perforeringskanon.

Perforeringa startar når røyret er plassert på riktig stad. Brønnen er fylt med væske som gjer at eksplosjonen ikkje tenner på olja eller gassen i reservoaret.

Når perforeringa er ferdig, blir perforeringskanonen trekt ut av brønnen igjen. På overflata av røyret kan vi sjå at det er fullt av hol der perforeringa har gått føre seg.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 16.11.2020