Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Kick – brønnspark

Kick er eit engelsk ord vi bruker for å omtale innstrøyming av olje eller gass i ein brønn som ikkje er klar for produksjon. Det vil seie at det skjer anten boring eller brønnservice i brønnen når kicket oppstår.

Årsaka til eit kick er at trykket innvendig i brønnen er lågare enn trykket i formasjonen.

Eit kick er ikkje ei ukontrollert utblåsing. Det blir sirkulert ut av brønnen på ein kontrollert måte før arbeidet kan halde fram.

På norsk blir kick omtalt som brønnspark.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 14.09.2020