Forklaringsartikkel
Tryggingsmargin

Røyrsystem med manometer og ventilar. Bilete: Nattasak Buranasri / CC BY-NC 4.0
Tryggingsmargin er eit tillegg over eller under eit mål som gjer at ein har noko spelerom før grensa er nådd.
Margin betyr avstand og blir brukt om avstanden til ei anna eining. Vi bruker tryggingsmargin mellom anna i samband med trykkgrenser og strekkgrenser i materiale og i samband med maksimum og minimum volum.
Det betyr at vi held oss litt over minimum eller litt under maksimum, slik at vi ikkje kjem for nær grenseverdien ved eit uhell.