Forklaringsartikkel
Pup joint (kort røyrstykke)

Korte lengder av borerøyr blir kalla pup joints. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Pup joint er engelsk og blir brukt om røyrstykke som ikkje har full lengde.
Eit full-lengde-røyr kan vere mellom 9 og 13 meter langt.
Når eit røyr er kutta til 2–3 meter og har gjenge i begge endar, er det ein pup joint.
Pup joint blir brukt i boring når korte borerøyr blir sette inn i ein heil borestreng for at logge- og måleutstyr skal kome på riktig plass i høve til kvarandre og i høve til brønnen og BUP.
I brønnbygging og komplettering blir pup joint brukt av casing for å få riktig lengde inn i brønnen og liner for at liner hanger skal kunne setjast på riktig stad i brønnen.