Forklaringsartikkel
Reservoar
Reservoarstruktur. Bilete: Junie Loftesnes / CC BY-SA 4.0
Reservoar betyr lager.
Vi snakkar ofte om olje- og gass-reservoar. Dei er kjempestore og inneheld millionar av liter av olje eller gass, eller begge delar. Det betyr at olja og gassen er lagra inni små hòl i ein bergart nokre tusen meter under havbotnen.
Reservoarbergarten er anten sandstein eller kalkstein.