Forklaringsartikkel
Gjennombrot, gass- eller vass-
Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Gass- eller vassgjennombrot beskriv situasjonen som oppstår når oljeproduksjonen går over i ein ny fase der vatn eller gass følgjer oljen opp til overflata.
Vassgjennombrot er eit problem fordi vatnet er forureina av olje og må behandlast før det kan dumpast.
Gassgjennombrot er eit problem fordi trykket i reservoaret fell dramatisk når gassen strøymer fritt ut i brønnen, noko som gjer at oljereserven blir liggjande igjen i oljefella.