Droppe vinkel i brønn

Å droppe vinkel i ein brønn betyr å redusere vinkelen ned mot 0 gradar (vertikalt) mens vi borar.
Først borar vi brønnen vertikalt for å lage ein stabil base for brønnen. Når dei to første fôringsrøyrseksjonane er sementerte på plass, er brønnen stabil. Då kan boringa rette seg utover og nedover mot reservoaret. Verktøy som er montert nedst i borestrengen, i BHA, kan endre vinkel og retning undervegs i boringa.
Vinkelendringa blir gjord gradvis over fleire titals meter til vi får vinkelen vi vil ha på brønnen. Deretter borar vi brønnen framover i den retninga og vinkelen vi har oppnådd.
For å unngå leire-, gass- eller vass-soner droppar vi vinkelen undervegs og byggjer han deretter opp att for å halde fram mot målet, som kan vere mange tusen meter frå startpunktet.