Forklaringsartikkel
V-døra

V-døra i boretårnet er opninga ut til catwalken og røyrdekket. Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
V-døra er namnet på opninga i boretårnet mellom boredekket og røyrdekket.
Opninga er forma som ein opp ned V (Λ) slik at lange røyrseksjonar kan trekkjast inn på boredekket utan at dei støyter borti opninga på tårnet.
Det er vanlegvis inga "dør" der, men på vinterisolerte riggar er det laga ein vegg som kan skyvast føre opninga når det ikkje skal førast utstyr inn eller ut av boretårnet.