Forklaringsartikkel
Tunge borerøyr (HWDP)

Bilete: NOV – National Oilwell Varco / Avgrensa gjenbruk
Tunge borerøyr heiter "heavy weight drill pipe" på engelsk og har forkortinga HWDP. Desse røyra blir brukte mellom vektrøyra ("drill collars") nedst og borerøyra øvst i ein borestreng.
Vi bruker HWDP fordi vanlege borerøyr ikkje toler kompresjonskrafta som er nødvendig nedst i borestrengen. Tunge borerøyr toler meir belastning.
HWDP har tjukk røyrvegg og ekstra lange gjengeboksar. I tillegg har dei ofte ein utvida diameter midt på røyret.
Røyra passar godt til retningsboring fordi dei er fleksible og bøyer seg etter brønnbanen.