Forklaringsartikkel
Stempelpumpe, dobbeltverkande

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Ei stempelpumpe er ei fortrengingspumpe. Ho består av sylinder, stempel, innløpsventil og utløpsventil.
Ei dobbeltverkande stempelpumpe har innløpsventil og utløpsventil på begge sider av stempelet i sylinderen.
Væska blir sogen inn i sylinderen gjennom innløpet når stempelet beveger seg bort frå innløpssida. Samtidig blir det skyvd væske ut av sylinderen i motsett ende. Når stempelet går tilbake, blir væska sogen inn bak stempelet, og samtidig blir det skyvd væske ut gjennom utløpsventilen framfor stempelet. På denne måten leverer pumpa væske ut av sylinderen heile tida. Einvegsventilar i inn- og utløpa hindrar væska frå å gå i feil retning.
Rørsla til stempelet i sylinderen blir styrt av ein roterande kamaksling.