Forklaringsartikkel
Raud sone – boredekk

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
På boredekket er det stor fare for skade på personell og utstyr. Opninga til brønnen er der, fjernoperert, stort og tungt hydraulisk utstyr for røyrhandtering blir køyrt i dette området, og tunge stålrøyr heng over dekk.
Dette området er derfor merkt med skilt og grenselinjer på golvet slik at alt personell veit kvar dei skal vere merksame på moglege farar. Området har fått namnet raud sone. Det er ikkje lov å gå inn i raud sone utan tillting frå boraren, som er den som har ansvaret for området.
Omgrepet raud sone blei introdusert som eit tiltak for å få ned talet på skadar på personell på boredekk. Det har vore eit særs vellykka HMS-tiltak.