Riser – stigerøyr

Riser er engelsk og blir omsett med stigerøyr. Vi seier ofte riser (uttalt "raiser") sjølv om vi snakkar norsk.
Stigerøyret blir brukt for å lage ei tilknyting mellom riggen og brønnen. Vi kan forstå det som ei forlenging av brønnen frå havbotnen til riggen. Innvendig i stigerøyret er det borevæske eller kompletteringvæske.
Stigerøyret heng rett under RKB under riggen. På havbotnen er enden festa til toppen av BOP-en som står på brønnen.
Stigerøyret består av fleire røyr som er skrudde saman til ei lengd som svarer til havdjupna. I toppen er det montert eit røyr som passar innvendig i dei øvste røyra. Det blir kalla eit teleskopledd og gjer at stigerøyret kan trekkjast saman eit stykke når det blir frigjort frå BOP-en. Slik kan riggen flyttast med stigerøyret hengande under utan at det skader BOP-en.