Forklaringsartikkel
Pilothol
Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Når det blir bora inn i eit område der det er fare for gass, blir holet bora i to steg. Først borar ein med liten diameter, deretter med større diameter. Holet med den vesle diameteren blir kalla pilotholet.
Denne boremetoden blir brukt for å minske skadeverknadene dersom det blir bora inn i gass. Det vesle holet gjer det lettare å kontrollere gassen. Dette gjer ein ved å pumpe tung væske inn i holet gjennom borekrona. Med høg pumperate blir det høg friksjon i holet, og det motverkar straumdraget til gassen.
Holet må sikrast og gassen stoppast før ein kan bore vidare.
Dersom det ikkje blir bora inn i gass, kan boringa halde fram med den store diameteren.