Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Kondensat – doggpunkt

Kondensat er gass som har gått over til væskeform fordi han er blitt nedkjølt. Dette skjer med vassdamp frå kokande vatn. Når vassdampen treffer ein vegg eller eit tak, blir det danna vassdropar, det vil seie kondens, fordi overflata er kaldare enn vassdampen. Temperaturen der endringa skjer, blir kalla for doggpunktet til gassen.

Kondensering av gass skjer også i gassbrønnar offshore. Hydrokarbongassen blir til gasskondensat på veg opp frå reservoaret på grunn av at temperaturen i produksjonsrøyret, eller i overflateutstyret, er lågare enn i reservoaret.

I prosessutstyret på overflata blir gassen derfor behandla som væske.


Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 07.11.2024