Forklaringsartikkel
Hydrokarbon (HC)

Råoljene har ulik farge etter kvar dei kjem frå. Bilete: Glasbruch2007 / CC BY-SA 4.0
Vi omtaler ofte olja som blir produsert, som hydrokarbon.
Hydrokarbon (HC) er organisk-kjemiske sambindingar som består av berre hydrogen (H) og karbon (C). Dei kan vere av fleire typar alt etter kor mange hydrogen- og karbonatom dei består av, og korleis dei kjemiske bindingane i molekyla varierer.
Råolje som blir produsert på norsk sokkel, består i hovudsak av hydrokarbon og nokre forureiningar av svovel og andre bestanddelar.