Forklaringsartikkel
EX-vern
Bilete: Frank Murmann / CC0
EX-vern er isolasjon av elektrisk utstyr og koplingar. Det kan vere eit overtrykkskammer, eit tett skåp eller eit isolasjonsmateriale som isolerer det elektriske anlegget frå omgivnadene. EX-vernet skal hindre at gneistar frå det elektriske anlegget kjem ut til brennbare eller eksplosive materiale, og at gass kjem inn til det elektriske anlegget.