Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Drepen brønn

Når brønnen er fylt med tung væske, anten borevæske eller kompletteringsvæske, seier vi at han er drepen. Væska må ha eit hydrostatisk trykk som er høgare enn trykket i reservoaret. For å oppnå riktig hydrostatisk trykk kan ein justere eigenvekta til væska med tilsetjingsstoff, som kan vere barytt eller salt.

Ein brønn er «levande» når det kan strøyme olje eller gass ut av han.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.09.2020