Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Drepemetodar – brønn

Det finst ulike situasjonar der vi har behov for å drepe ein brønn.
Det er produksjonsbrønnar som skal drepast på ein planlagd måte før brønnservice, og brønnar der vi borar og har mista trykkbalansen.

Uansett kva for ein drepemetode vi bruker, er det tung væske som blir pumpa inn i brønnen.

For oljeproduksjonsbrønnar har vi desse drepemetodane: normal sirkulasjon, revers sirkulasjon og "bullheading".

I ein gassbrønn kan vi bruke normal sirkulasjon, revers sirkulasjon og "lubricate and bleed".

Når trykket kjem ut av balanse ved bore- og brønnaktivitetar, bruker vi drillers metode, vente-og-vege-metoden eller "bullheading" dersom borestrengen står eit stykke opp i brønnen.

Bullheading kan ikkje brukast i gassbrønnar.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 03.10.2020