Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Diverter – avleiarsystem

"Diverter" er eit engelsk ord som beskriv avleiarutstyret som er montert i toppen av stigerøyret. Utstyret består av minst to røyr med ventilar som kan opnast og leie væske frå brønnen ut til flammebom eller til gassutskilje, og ei gummipakning som kan lukkast rundt borestrengen.

Diverteren blir aktivert dersom det kjem uønskt gass opp frå brønnen mens vi driv med boring i toppseksjonane. Då er vegen så kort at avleiing av gassen er første tiltak for å hindre gass på boredekk.

Utstyret kan ikkje halde tett mot høgt trykk, det skal berre hindre gass frå å stige til boredekk. Dersom det held fram med å strøyme gass frå brønnen, må brønnen drepast.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 24.02.2021