Borerøyr i setback

Borerøyr blir lagra ståande i eit område på boredekket, anten langs sida eller i eit hjørne. Dette området heiter setback på engelsk. Setback har tregolv eller gummimatter for å beskytte endane på røyra og for å unngå at det blir danna gneistar når røyra blir sette ned på golvet. Røyra står i rekkjer, slik at fleire tusen meter med røyr kan lagrast ståande.
I toppen er røyra stabla mellom stålbjelkar i ei rektangel- eller stjerneforma ramme. Kvar røyrlengd blir halden på plass av ein vippeklaff som blir fjernstyrt frå styringspanelet. Plasseringa og sikringa gjer at borerøyra ikkje glir ut og tippar over boredekket når boreriggen bevegar seg.
Borerøyr i setback er lett tilgjengelege på boredekket, og det gjer røyrhandteringa raskare og sikrare ved arbeid i brønnen.