Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Termotransport

Termotransport er ei nemning for transport av varer som må ha eit kjølerom med kjøleaggregat, slik at temperaturen blir halden riktig og varene ikkje blir øydelagde under transporten.

Transport av frukt, meieriprodukt, kjøtt og fisk er døme på varer som krev ein slik termotransport.

I tillegg krev Mattilsynet at det blir følgt bestemde rutinar for vask av køyretøy som blir brukte til transport av matvarer.

Det er matlova som regulerer krava til termotransport.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 18.11.2020