Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Døgnkvil

Ein som køyrer tunge køyretøy, må ta mange nok pausar og ikkje køyre for lenge. Slik tek ein vare på sikkerheita og overheld arbeidstida for sjåførar.

Dette er blant anna regulert med ein maksimal køyreperiode og krav om blant anna døgnkvil og vekekvil. Dette er lovregulert, og regelverket gjeld i EØS-området.

Reglar for døgnkvil:

* Hovudregelen er at sjåføren skal ha ein døgnkvil på 11 samanhengande timar eller minst 3 + 9 timar kvart døgn.

* Døgnkvilen kan reduserast til 9 timar maksimalt tre gonger mellom to vekekvilar.

Om ein ikkje følgjer desse reglane, kan det gå ut over trafikksikkerheita. Brot på reglane kan straffast med bøter, og det kan få store konsekvensar for eigaren av køyretøyet og for sjåføren.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 02.12.2020