Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Ruteløyve

Ein må ha eit ruteløyve dersom ein skal drive regelmessig transport av passasjerar langs ei bestemd rute med faste stoppestader.

Yrkestransportlova § 2 set fire vilkår for kva som er rutetransport:

1. Transporten må vere regelmessig. Busstransport blir rekna som regelmessig sjølv om han er knytt til korresponderande fly, ferjer eller andre bussar, og sjølv om bussen ventar ved forseinkingar.

2. Det må vere eit bestemt trafikksamband, altså transport på bestemde strekningar eller mellom visse stader, til dømes strekninga Oslo–Torp eller Horten–Torp.

3. Det må vere ope for alle. Alle som står på haldeplassen, skal få vere med, men ein kan krevje førehandsbestilling.

4. Stoppestadene er fastsette på førehand. Passasjerar skal vite kvar bussen stoppar, og kva tilbod som blir gitt på strekninga.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 20.11.2020