Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Gaffelspreiingsaggregat

Dette er eit hydraulisk aggregat som ein bruker til å justere gaflane på trucken i breidda til ulike breidder på lasta. Ein kan enkelt justere gaflane slik at dei er smale eller breie i forhold til lasta ein skal løfte og flytte. Ein kan òg enkelt bevege gaflane sidelengs sjølv med lasta på, slik at ein kan plassere f.eks. pallar heilt inntil ein vegg, noko som krev presisjon.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 01.10.2020