Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Strekk- og krympefilm

Strekk- og krympefilm blir brukt for å halde pallen ekstra stabil under transport.

Strekkfilm er ein tynn elastisk plastfolie som blir brukt til å emballere varer under transport, flytting eller lagring. Strekkfilm er godt eigna til å pakke pallar eller gods med låg vekt.

Strekkfilm er ein tynn elastisk plastfolie som blir brukt til å emballere varer under transport, flytting eller lagring.

Krympefilm er ein type plastfilm som krympar ved oppvarming. Ein køyrer heile pallar eller gods inn i eit varmekammer, der filmen krympar rundt pallen. Med krympefilm vil ein lett kunne avsløre om nokon har forsynt seg av pallen, då det vil vere synleg om han er opna. Det er altså ei ekstra sikkerheit for at alt kjem fram dit det skal.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 21.09.2020