Europall

Ein europall er ein lastepall/lasteberar som blir brukt som underlag, både til lagring og til transport av varer.
Europallar er merkte med EUR eller EPAL på sida.
Europallar er i hovudsak laga i tre, men blir òg produsert ei resirkulert plast.
Dei har standardiserte mål som gjeld i Europa:
- heilpall: 1200 mm lang, 800 mm brei og 144 mm høg
- halvpall: 800 mm lang, 800 mm brei og 144 mm høg
Vekta han kan lastast med, er 4 tonn når han står på lager, og 1,5 tonn når han skal transporterast.
Storleiken gjer at desse pallane er godt eigna til å utnytte lastekapasiteten på lasteplana best mogleg.
Det finst òg ei panteordning for godkjende. Dei kan leverast på spesielle mottak for dette, til dømes på Norsk Lastebærer Pool og Smart Retur.